onsdag 27. januar 2010

Bloggcandy hos Janne


Janne har lagt ut ein flott bloggcandy:

Får ikkje til å lage direkte link. Fortell meg gjerne den som kan det:)

Får kopiere inn bloggsida: http://jannes-hobbyblogg.blogspot.com/

mandag 25. januar 2010

Lys


Har sett på nettet av det er fleire som laga så fine kubbe lys til jul.
Eg laga nokre og, men la aldri ut bilde av dei.

Har no laga noken som eg kan bruke ellers i året.
Har brukt stempel frå stempelglede si stempelplate "til Brudeparet".

Har dekorert enkelt med bånd og halvperler.

Dåpskort


Eit litt uvanlig dåpskort kanskje. Vart ikkje så duse fargar som eg pleier å ha på dåpskort. Har brukt dette søte stempelet frå Magnolia. Likar det veldig godt. Brukte det når eg laga dåpsinvitasjon til minstemann og.

Gløymte å ta bilde av det inni, der var det dekorert med bla. navnet til dåpsbarnet.
Bildet vart uklart ser eg no, som sagt ikkje heilt venn med kamera endå:)

To bursdags kort



Januar er ein bursdagsmåned i vår familie. Har laga to kort med dei fine stempla frå Mangolia sitt siste kit.

Syns bilda vart litt blasse i forhold til korleis dei vart. Har fått meg nytt kamera til jul og er ikkje blitt heil kjent med det enda.

fredag 15. januar 2010

Bryllaupskort


Endelig tilbake til bloggen. Har laga litt sidan sist, men det var juleting som eg ikkje kom meg so langt at eg fekk lagt ut. No er vi ferdig med jula, så eg får legge ut det eine som eg hugsa å ta bilde av som ikkje er jul.
Fekk bestilling på eit bryllaupskort, og slik blei det. Enkelt i stilen, men det er meg:)
So får vi håpe at det blir mange kreative stunder i det nye året. Har dekorert nokre lys, skal ta bilde av det eine eg har igjen heime å legge ut.

No er minstemann blitt eit år, og eg skal snart begynne å jobbe igjen. I mangel av barnehageplass begynner eg å jobbe i femti prosent stilling. Resten av veka får vi pusla til. Skal no bli litt godt å komme seg ut i jobb igjen og.