onsdag 2. desember 2009

Sukkersøtt utfordring #63 Glede




Har for første gang prøvd meg på ei utfordring på ein blogg.
Sukkersøt sin utfordring denne veka var å lage eit kort/pyntet gjenstand som kan gis bort med en spiselig gave.

Har laga to variantar. Til begge har fylt eit kremmerhus frå Panduro med heimelaga brente mandlar. Så har eg laga ein tag som eg har festa på den eine. Den andre har eg laga ein gavepose og pynta.

Veldig kjekt å lage:)

søndag 15. november 2009

Kort til ein treåring


Laga eit kort til dottera til ei venninne av meg som blei tre år.
Ho er veldig glad i lilla, så lilla blei det:)

Boks



Dette er ei gåve eg laga for nokre månader sidan. Fadder jenta mi blei seks år.
Har pynta ein "Sæthre pepperkakeboks". Opp i den la eg treperler som ho kunne lage smykke av. Gåva blei godt likt:)

Barselpresang



Utgangspunktet var ei Ikea ramme. Denne ramma har glasset framme, og så blir bilde liggande ca tre cm lengre bak. Har scrappa bildet, og laga kort som passa til.

fredag 6. november 2009

Lyst på ein adventskalendar?? Sjå denne bloggen:




Har vi lyst på denne eller?

Her finn du bloggen:
http://carrinsofiesverden.blogspot.com/2009/11/vil-du-ha-en-advents-kalender.html

torsdag 5. november 2009

Kort til ei som fyller 60




Fann nett ut at ein nabo frå der eg vokste opp er 60 år i helga.
Ville berre lage ein liten oppmerksomhet. Ei lita "mappe" med sjokolade i, og eit tilhøyrande kort.

mandag 2. november 2009


Er veldig glad i grønt og brunt. Fekk stempla opp nokre trykk med dette flotte stempelt. Slik blei resultatet:

Magnolia


Eit kort til med stempel frå Magnolia sin høstpakke. Vart litt julete i fargane.
Kan vere fordi dei rundt meg på treffet laga julekort:)

Kort treff


Heisann!
Har vore på korttreff i helga, det var utruleg koselig og inspirerande.
Dei andre har blogg, og no tenkte eg at eg måtte prøve meg og.

Er ei stund sidan eg har laga eit kort, har vore inne i ei skikkeleg tørke.
Fekk laga nokre kort, så får tru det blir fleire om ikkje så lenge.

Det første er kortet har eg brukt dette flotte stempelet frå høstpakka til Magnolia.