Dette er ei gåve eg laga for nokre månader sidan. Fadder jenta mi blei seks år. Har pynta ein "Sæthre pepperkakeboks". Opp i den la eg treperler som ho kunne lage smykke av. Gåva blei godt likt:)
Utgangspunktet var ei Ikea ramme. Denne ramma har glasset framme, og så blir bilde liggande ca tre cm lengre bak. Har scrappa bildet, og laga kort som passa til.
Fann nett ut at ein nabo frå der eg vokste opp er 60 år i helga. Ville berre lage ein liten oppmerksomhet. Ei lita "mappe" med sjokolade i, og eit tilhøyrande kort.
mandag 2. november 2009
Er veldig glad i grønt og brunt. Fekk stempla opp nokre trykk med dette flotte stempelt. Slik blei resultatet:
Ann Kristin 37 år, gift med Ronny og har tre flotte gutar på ni, seks og to år. Har vore innom mange hobbyar, men no er det kortlaging og scrapbooking som er det store. Varierande kor mykje eg får laga, men når anledningen byr seg storkosar eg meg:)