onsdag 9. februar 2011

Sukkersøtt utfordring 111


Er ikkje ofte det er noko nytt på bloggen min.... Eg lagar no noke jamt og trutt, men er dårleg på å ta bilde av det og ikkje minst å legge det ut på bloggen.

Her kjem nokre kort eg har laga. Det eine har eg tenkt å bruke på sukkersøtt sin siste utfordring "kort i rosa og grønt. Lengtar etter våren, det ser ein vel på kortet :) Stempelet er frå Magnolia og papira er Tilda frå Panduro.

torsdag 30. september 2010

Sukkersøtt utfordring


Hei!

Veldig lenge sidan det har vore noken aktivitet på denne bloggen. Er ikkje det at eg ikkje har laga kort, for det har eg gjort litt av. Men, har ikkje rota meg til å legge ut noke.

Har fått bestilling på eit dåpskort. Tenkte eg skulle nytte meg av den flotte skissa som var i Sukkersøtt si utfordring.

Her er mitt bidrag. Arka er frå Maja Design. Stempelet er ein av mine favorittar på dåps/barsel kort, det er frå Whipper Snapper.

Ikkje så ofte eg er med på utfordringar. Såg at eg var for sein å legge den ut, men pytt sann. Eg fekk no laga dette kortet med inspirasjon av skissa.


Ha ei super helg:)

fredag 23. april 2010

Konfirmasjonskort



Her kjem endeleg eit nytt kort. Har faktisk laga fleire kort, men er veldig treig med å få lagt det ut i bloggen.

Stempelet er frå StampIt, om eg ikkje tar feil. Ark frå Maja Design. Navn er QK.
Motorsykkelen er frå kuttut, og kant stempelet er Autum Leaves. Halvperler er Prima.

Veldig morsomt å lage denne typen kort. Veldig lett, men for dei som ikkje kan det ser det litt komplisert ut. He, he...

Hadde laga ei "hempe" som eg skulle rulle pengegåva i. Blei ikkje heil som eg hadde tenkt, då butikken kun hadde små sendlar. Blei litt for tjukt for å få plass.
Neste gang får vi gje litt mindre, slik at det passar inn i mine prosjekt:)

Ha ei fin helg der ute!

fredag 2. april 2010

Påske egg


Tente eg skulle prøve å dekorere eit påskeegg.
Malte det med maling kjøpt på panduro. Usikker på kva merket var.
Dekorerte med kakeserviett i hjertefasong frå "Kuttut", kanta litt med distress vintage foto. Bildet er henta frå nettet, rufsa det litt opp og så fekk det seg ein liten omgang med distress. Blondene rundt egget er ikkje så lett å sjå, dei er frå "kort og godt". Blomstrene er frå wildorchidcrafts.

Egget var fylt med smågodt, men begynner å minke no:)

torsdag 1. april 2010

Sukkersøtt utfordring #78


Har laga eit kort til sukkersøtt si ufordring.
Utfordringa denne gangen var ei skisse, og her er mi løysing.

Har laga eit konfirmsjonskort med denne søte Gorjuss jenta.
Motivet er fargelagt med distress.
Arka er frå Panduro.

mandag 29. mars 2010

Kort til 40-års jubilant


Ei venninne av meg fyllte 40 år for eit par veker sidan.
Lagde dette kortet til ho frå "klubbveninne".

Gløymte å ta bilde av det utslått.....

Motivet er frå Magnolia. Punch til blad og bord frå Marta Stewart, perler frå Prima,blomster frå Wildorchidcrafts og charms frå kuttut. Papiret hugsar eg ikkje kor det er frå. Men, veldig fint er det. Det lyse i papiret er litt veluraktig;)

fredag 12. mars 2010

Rååsa kort!




Har laga eit kort til ei veninne som er 35-år. Det blei veldig rosa... Eit easel kort denne gongen og.
Litt inspirert av dei flotte arka frå Tilda-Panduro. Dei fekk meg til å lengte etter vår og sommar.

Har brukt halvperler frå Prima. Stempelet er Hanglar om eg ikkje tar heilt feil.
Arka er frå ei blokk eg kjøpte på Panduro, Tilda.

Swirl stempelet er frå stempelglede. Tekstfeltet inni korter er laga med spellbinder dies.

Ha ein flott helg, til deg som kikkar innom bloggen min:)