torsdag 30. september 2010

Sukkersøtt utfordring


Hei!

Veldig lenge sidan det har vore noken aktivitet på denne bloggen. Er ikkje det at eg ikkje har laga kort, for det har eg gjort litt av. Men, har ikkje rota meg til å legge ut noke.

Har fått bestilling på eit dåpskort. Tenkte eg skulle nytte meg av den flotte skissa som var i Sukkersøtt si utfordring.

Her er mitt bidrag. Arka er frå Maja Design. Stempelet er ein av mine favorittar på dåps/barsel kort, det er frå Whipper Snapper.

Ikkje så ofte eg er med på utfordringar. Såg at eg var for sein å legge den ut, men pytt sann. Eg fekk no laga dette kortet med inspirasjon av skissa.


Ha ei super helg:)